Opphaldet går mot slutten. Tårene renn, hjertene våre er knuste og vi veit ikkje kvar vi skal gjere. «Overdriving» er ordet du leiter etter, men det blir faktisk trist å reise frå folk og eit land som har gitt oss så mykje. Følelsar og andre ting kjem det meir av i neste innlegg, no skal eg skrive om korleis vår siste flørt med Brasil gikk.
Under IPL, den nasjonale leiartreningsleiren vi var på i januar, blei vi kjendt med fleire folk i frå nordøst i Brasil. Dei ville at vi i mars skulle ta turen opp dit for å delta på påskeleir og besøke lagsgruppene i nærområdet. Vi takka og bukka for muligheten til å sjå enda meir av Brasil og fredag 22. mars tok vi fly til Salvador i Bahia. I helga besøkte vi lagsgruppa i Salvador. Vi blei vist rundt i den nydelege kystbyen som var den første hovudstaden i Brasil. Vi åt den største hamburgeren vi har sett med 5 brød og 3 burgera samt calabreza (type pølse), bacon, ost, salat m.m.. Monsteret vart kalla «barriga», «mage» på norsk. Vi var også med på eit lagsmøte som kallast Grupo Base. Her samlast ulike lag i nærområdet seg for å snakke og diskutere om ulike bibelsketema og for å dele opplevingar frå deira universitet. Denne gangen blei det noko annaleis sidan to norske guttar med blåe auge dukka opp. Spørsmåla hagla om Norge, den lutherske kirke og om Laget i Norge. Vi klarte oss fint og imponerte forhåpentiligvis nokre brasilianske, kristne, beauties.. Seinere vart det jazz-konsert ved strandkanten i Salvador. Veldig kjekt!
På mandag tok eg og Simon turen til ei strand 2 timar frå Salvador kalla Praia do Forte, kjendt for sine nydelege strende og sitt skilpadde-prosjekt. Ryktene stemte. Dagen utnytta vi til å snorkle i den krystalklare sjøen, sjå oss rundt i området og rett og slett berre nyte livet. Vi besøkte også skilpaddeprosjektet kalla Tamar som arbeider mot utrydding av skilpaddene langs den Brasilianske kysten. Her såg vi skilpadde på gått over hundre kilo, baby-skilpadde på nokre cm i størrelse samt eit området med skilpadde-egg. Når egga blir knekt ut, vanlegvis om natta, går mini-skilpaddene rett ut i sjøen og tek start på eit liv der. Eit interessant og fint prosjekt.
På tirsdag tok team-guttane ein catamaran-båt frå Salvador til øy-paradiset Morro do São Paulo. Det var klart for vår siste teamreise, og den skulle utnyttast til det fulle. Vi fekk oss fort eit fint hotell sentralt på øya og var klar for aktvitar på den nydelege øya. Det første vi gjor var å gå opp på ein topp for så å hoppe i ei slags line-bane ned til stranda. Etter eit middels kick gikk vi langs fleire strender og utforska området og nølte ikkje med å bada når vi følte for det i den krystallklare sjøen. Vi vendte tilbake til hotellet i 5 tida, tok ein kjapp dusj før vi for opp på toppen igjen på ein resturant nydeleg plassert for å sjå på solnedgangen. Her satt vi utover kvelden og nøyt livet.
På onsdag sto vi opp tideleg og var klar for nye eventyr. Frå 9 om morgon til 5 om dagen var vi med ein rib-båt rundt i området. Denne turen kjem til å komme langt oppe på «Dei beste augeblikka i Brasil»-lista vi snart skal skrive. Sammen med 6 djupt forelska kjærstepar satt vi avgårde. Båten hadde fleire stopp for å snårkle i dei naturlege sjøbassenga (rev og krystallklar sjø), seinere gikk vi på land og fikk omvisning på ei anna øy samt dei finaste strendene vi har sett til no (og no har vi sett mange), vi åt ein nydeleg fiskerett på stranda, kjørte videre med båt mellom vegetasjon i ei elv, stoppa igjen for å spise østers og både frå båten, før vi besøkte ein liten landsby som var ein av dei første i Brasil. Når vi kom tibake tok vi oss tid til å sjå på solnedgangen igjen, før vi hadde vårt siste team-måltid på tur i Brasil.
Torsdag morgen stod vi tideleg opp og utnytta tida før vi skulle tilbake til Salvador med båt til å dykke. Det var vi to og ein instruktør. Etter ei kjapp gjennomføring blei vi tatt med båt ut til eit rev og dykka ned til 9 meter. Ein stor og interessant opplevelse. Vi såg mykje fisk, hummer, flyndre, fiskestimer med store fisk samt ein slags kamuflasjefisk. Vi fekk også vite at vi var usedvanleg flink til å dykke og virka meir erfaren enn mangen som hadde dykka der før med sertifikat. Med eit smil rundt munnen satt vi oss på båten tilbake til Salvador. Når vi kom fram åt vi lunsj før turen gikk videre til ABS-leir (Laget på vidaregåande skule i Brasil) i nabobyen Feira de Santana.
På leiren var det ca. 70 deltakara frå ulike plassar i nordøst samt ein frå Minas Gerais og ein frå São Paulo. Vi vart overraska over kor reflekterte og kunnskapsrike ungdommane var, sjølv om mangen av dei var under 16 år. Vi lærte mykje om ABS i Brasil og er glade for å ha fått fleire idéar til å ha med oss heim til Noreg. På lørdagskveld fekk vi også mulighet til fortelle om Norge, kulturen vår, religion, Laget og kontrasta til Brasil samt om våre opplevingar som utvekslingsstudentar her i Brasil. Etterpå opna vi for spørsmålsrunde og fekk mange interessante og gode spørsmål frå engasjert ungdom. At alt dekke gikk på portugisisk viser vel at vi no meistrar språket rimeleg så godt.
På søndag reiste vi vidare til Aracaju, ein by enda lenger nord, for å besøket lagsgruppa der. Dette blei nokre veldig kjekke dagar. Ettersom vi allereie hadde blitt kjendt med mange personar frå leiren var det veldig naturleg og lett å besøke gruppa. Vi blei vist rundt i byen, vi spelte voley, åt açai og nokre typiske rettar som tapioca og cuscuz laga av mais. Vi for også til ein park for å slappe av og sjå ape, løve, fugl og slangar. På onsdagsmorgen klokka 7 tok vi buss i 5 timar til Salvador for så å ta fly heim igjen. Vi mellomlanda både i Ihléus og Belo Horizonte, før vi til slutt kom fram i São Paulo på kvelden klokka 19.45. Her venta vi 2 timar på bussen og kom fram til Santos midnatt.
No gjennstår det 4 dagar her i Brasil. Vi skal utnytte siste tida til vere med venner og familie, samt å prøve å stappe alt vi har rota med oss (som regnjakke, tjukkesokkar og gensarar) ned igjen i baggen. Det blir nok også mykje klemming og kyssing i skikkeleg brasiliansk stil. Les neste innlegg for dei beste augoblikka i Brasil, samt meir følelsa.
Denne gangen har vi også lagt ved ein del bilete. Kos deg!